Søk i katalogen

 

Oversikter


Forfatter etter genre

Gyrid Axe Øvsteng (31.07.1974)

  • Sted: 3723, Skien
  • Epost intern: gyridaxe AT hotmail DOT com

Gyrid Axe Øvsteng er dramatikar og barnebokforfattar. Ho debuterte som dramatikar i 2000 med einakteren "Køyr!". Ho har hatt stykka sine oppførte på Nationaltheateret, Det Norske Teater, Det Åpne Teater, Rogaland Teater og Teater Ibsen. Dei seinare åra har ho vore spesielt opptatt av teater retta mot barn og unge, og i 2006 skreiv ho ungdomsstykket "Verkeleg" (nominert til Ibsenprisen2007). I 2009 vart barnestykket "Plopp" satt opp på Teater Ibsen, og ho kom ut med barneboka "Finn!" same året. Med Finn! har ho hatt lesingar for barnehagebarn og skulelevar på første og andre trinnet. Ho har også vore på besøk på vidaregående skule for å snakke om "Verkeleg", og om sine erfaringar som dramatikar. Ho ønskjer å fortsetje å besøke både barnehagar og skular: ho kan tilby opplesingar for barna, og samtalar om det å skrive. For elevar ved ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane tilbyr ho samtalar rundt teaterfaget og dramatikken sin. Ho kan også halde skriveworkshops for desse aldersgruppene.

Emner

  • Drama
  • Eget forfatterskap
  • Skrivekurs, kreativ skriving

Temaer for oppdrag

  • Tar gjerne turneer i skoleverket for grunnskolen og videregående skole
  • Andre arenaer: sosiale institusjoner, kafeer og andre utesteder

Produksjon

  • Draumar (Billedbok, Samlaget, 2011)
  • Verkeleg (Ant.: Den unge scenen 2 & 3) (Dramatikk, Transit, 2009)
  • Finn! (Dramatikk, Samlaget, 2009)
  • Utflukt (Ant.:Frihet som livsbetingelse) (Dramatikk, Transit, 2006)
  • Bussen (Ant.:Dialoger om demokrati) (Dramatikk, Transit, 2005)
  • Arv/Linedans (Dramatikk, Transit, 2005)