Toggle mobilmeny

Inger Bråtveit

Født: 31.07.1983
Bosted: OSLO

Bokutgivelser

Inger Bråtveit (f. 1978 i Bergen) er ein norsk forfattar som fekk mykje merksemd med debutromanen sin. For Munn mot ein frosen fjord (2001) mottok ho Nynorsk Litteraturpris frå Noregs Mållag i 2002. Bråtveit festa posisjonen sin som ein av våre viktige, samtidige forfattarar med andreboka si, romanen Siss og Unn (2008). Hovudpersonane i boka er henta frå Tarjei Vesaas Is-slottet.

Bråtveit vaks opp i Suldal og studerte litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap i Bergen der ho skreiv mastergradsoppgåve om Is-slottet

Loveprosjekt frå 2009 var eit samarbeid med den svenske poeten Cecilia Hansson, og er Bråtveits debut som poet. Samarbeidsprosjekt har ho også gjort i lag med kunstnarar som Jenny Hval. Mummy Big er tittelen på eitt av dei musikalske tekstarbeida som kom frå samarbeidet.

Ved sida av å skrive eigne bøker, har Bråtveit arbeida for Det Norske Bibelselskap sitt revisjonsprosjekt «Bibel 2011», samt vore skrivelærar på forfatterlinja ved Danvik Folkehøyskole og ved Litterär Gestaltning i Göteborg.

Prisar

  • Nynorsk litteratupris (2002) for Munn mot ein frosen fjord
  • Bjørnsonstipendet (2009)
  • Suldal Mållags Målpris (2010)