Toggle mobilmeny

Ivar Orvedal

Født: 28.12.1952
Bosted: HØYANGER, Sogn og Fjordane

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 8.-10. klasse. Høyskole og universitet. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Bokutgivelser

Andre skriftlege uttrykk

2000 – 2017: Nye sjølvstendige tekstpartitur til ei lang rekke musiske framføringar
2008: A4#1, berøringsark, saman med Randi Strand, Forlaget Attåt.
2004: Byens Puls, banner og lyttestasjonar ved Oslo S, Mesen.
2002: Rom for ord, utstilling og animasjon av ord og tekstar ved Oslo S, saman med animasjonskunstnar Nina Nordal Rønne, Mesen.
2002: Art and Cultural Heritage, tekst- og fotorapport frå internasjonal workshop, Nordisk Kunstnarsenter, Nordisk Ministerråd.
2002: Bilete frå Stad, tekst og fotorapport, ankesak O.E.D og Miljøverndepartementet.
2000: Vindauge, ordutsmykking og skilting av bokhandel, saman med
biletkunstnar Jorunn Mulen, Huus Libris.
1992: Boka; tatt på ordet, workshop-objekt saman med Randi Strand.
1989: Postpost (manifest), mailartmønstring Trondheim/Høvikodden.
1986: Gunnar Björling, den særeigne poeten og personen, Björlingsamlinga ved Åbo universitet, Finland.
1980: Veinje, tekst til Magnar Åm: verk for kor og soloinstrument.

Ivar Orvedal er frå Sogn, tidl. småbrukar, debuterte som diktar i 1979, medlem i Den norske Forfatterforening frå 1982. Poesiutgjevingar fram til 1994 og samstundes frilansskribent og kritikar (litteratur, musikk, kultur & natur) fram til 1997. Attende som poet i 2000 med musiske framføringar saman med nordens finaste improvisasjonskunstnarar. Også konsulent, koordinator, levandegjerar for Mårenbiennalen, Non Plus Ultra, FN-sambandet, Nordisk kunstnarsenter, PreForm og mange andre. Gjestelærar i improvisasjon ved Forfatterstudiet og Skrivekunstakademiet.

Allkunne

Musiske verkstader

Tema

Entrevista, musisk verkstad for vaksne. Musisk samarbeid som interesserar seg for dei perspektiv og dimensjonar som opnar seg når kunstnarar og handverkarar frå ulike fagfelt og kulturar samarbeidar med ynskje om å røre ved poetiske aspekt som ikkje kan fangast i ferdig definerte disiplinar.

Cafe Existens, musisk verkstad for unge

Primus Motor, spirituell supersession i Bergen domkirke

Fridr, musisk verkstad for funksjonshemma,
Super session med musisk kombo som utforskar nye kunstnarlege landskap og tradisjonen etter Gillian Welch, Chaplin, Björk, Ornette Coleman, Messiaen, Monteverdi og fleire med. «Super session» er ein arbeidsmåte oppfunne av organisten Al Kooper i 1968 etter ei tid i gruppa til Bob Dylan. Kven i samtida uttrykkjer på sin eigen måte tilstadeværelse og intensjonalitet? Finn dei og inviter dei til samtale og samspel. Slik held vi levande vidsyn uavhengig produksjonar som leitar etter smalaste og minste felles multiplum hjå popskaren. Nett denne videoen er frå Setersprell som er eit festspel skipa for dei som bur på Helgeseter og går parallelt med Festspela i Bergen.