Toggle mobilmeny

Kristin Fridtun

Født: 09.11.1987
Bosted: LILLEHAMMER, Oppland

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Videregående skole

Tema

Språk, språkhistorie, etymologi, nynorsk, identitet, kjønn, norrøn litteratur, skeiv litteratur, homo- og transtematikk.

Bokutgivelser

Om forfatteren

Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna språk- og litteraturvitar og skriv allment tilgjengelege tekster om desse emna. Fridtun driv munnleg og skriftleg formidlingsarbeid i ulike format, og har mellom anna ei fast språkspalte i avisa Dag og Tid. Eit utval av tekstene frå spalta er samla i boka Norsk etymologisk oppkok (2012).

Fridtun er ein ihuga nynorskbrukar og hjelper gjerne andre med å læra seg språket. Nynorsk for dumskallar (2013) er ei lita og lettfatteleg innføringsbok i nynorsk. Fridtun har òg laga verdas fyrste videokurs i nynorsk

www.youtube.com

Koplinga mellom språk, kjønn og seksualitet er eit tilbakevendande tema i forfattarskapen. I boka Kjønn og ukjønn (2015) granskar Fridtun historia til ordet «kjønn» og brukar det som utgangspunkt for ei drøfting av normer og oppfatningar om kjønn. Fridtun har òg engasjert seg i ordskiftet om pronomenet «hen», blant anna med artikkelen «Kvar er du, hen?» i Samtiden 1/16 og føredraget med same tittel på Språkdagen 2016:

www.youtube.com

Utmerkingar: Språkgledeprisen (2016), Bokhandelens sakprosapris (2016)

Fridtun likar å prøva ut ulike personlege pronomen, men blir for det meste omtala som «ho» eller «hen». Om du er usikker på kva pronomen du skal bruka, er det berre å spørja hen(ne).

Lenker

www.kristinfridtun.com

Samlaget-logo