Toggle mobilmeny

Magnhild Folkvord

Født: 27.11.1945
Bosted: OSLO

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner

Bokutgivelser

Dei to biografiane handlar om kvinner som var svært viktige kvinneorganisatorar i si tid, men som har blitt meir eller mindre gløymde av ettertida.
Boka om sekstimarsdagen er utselt frå forlaget, men diskusjonen er like aktuell. Eg held gjerne innleiing og eller deltar i diskusjon om temaet der det er interesse for det.
F.M.Qvam (1843-1938) stifta Norske kvinners sanitetsforening, var sentral i norske kvinners kamp for stemmerett, og var på eitt tidspunkt leiar for tre landsomfattande kvinneorganisasjonar.
Betzy Kjelsberg (1866-1950) var den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg (den tids Arbeidstilsyn), og gjorde ein stor innsats som kvinneorganisator, først lokalt i Drammen, seinare nasjonalt, ho var mellom anna leiar for paraplyorganisasjonen Norske kvinners nasjonalråd frå 1922-1937.

Tema

Da bøkene kom ut, heldt eg ei rekkje foredrag om kvar av dei to pionerkvinnene, og det gjer eg gjerne fleire gonger.
Andre tema som byggjer på desse bøkene og arbeidet dei to føregangskvinnene stod for:

* Kampen for stemmeretten var viktig, men førte ikkje til mange kvinner på Stortinget på mange tiår. Kva rolle spelte den tids kvinneorganisasjonar som uttrykk for kvinners politiske makt?

* Både Qvam og Kjelsberg vart rekna til den «borgarlege» kvinnerørsla på ei tid da Arbeidarpartiet sa at deira medlemmer ikkje kunne vera medlemmer i ikkje-sosialistiske organisasjonar. Kjelsberg arbeidde for å få arbeidarkvinnene med i Norske kvinners nasjonalråd, men lykkast ikkje med det. Kunne kvinnerørsla på 1900-talet unngått denne splittinga?

Samlaget-logo