Toggle mobilmeny

Marita Liabø

Født: 26.07.1971
Bosted: Nesoddtangen

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 1.-4. klasse. Grunnskole 5.-7. klasse. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Tema

Skjønnlitterær skriving, skriving generelt, forfatteryrket, omsetting, fjernsynsteksting, nynorsk, engelsk.

Bokutgivelser

Marita Liabø skriv mangt og variert – på bokmål og nynorsk, for vaksne og barn, langt og kort. Ho har ingen fast stil eller tone; ho kan skrive tørt og sakleg eller friskt og burlesk, alt etter høve og omstende. Ho har skrive alt frå skodespel til kronikkar og har ei rekke antologibidrag bak seg, i tillegg til faste spaltar i blant andre Dagbladet og Dag og Tid. Ho har omsett skjønnlitteratur, dramatikk og sakprosa frå engelsk til norsk, og omset gjerne frå norsk til engelsk. I det daglege arbeider ho hovudsakleg som tekstar i NRK. Ho er utdanna cand. philol. med engelsk, nordisk, litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som framandspråk og praktisk-pedagogisk utdanning i fagkrinsen, er frå Førde, bur i Oslo og har elles hatt beina i ein bråte land og kulturar.