Toggle mobilmeny

Øystein Runde

Født: 14.12.1979
Bosted: OSLO

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 5.-7. klasse. Grunnskole 8.-10. klasse. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Tema

Handverk: Teikneseriar, å skrive manus, idéutvikling. Fakta: Vikingar, celler, DNA-redigering, stamceller, romfart!

Bokutgivelser

Produksjon

Nytt opplegg for femteklasse og alle andre som lurer på ting: Øystein Runde, profesjonell femteklassing, presenterer STAMCELLER!

Kva er stamceller? Korleis kan kvar av dei billionar ørsmå cellene i kroppen innehalde ei oppskrift på alt anna i kroppen? Korleis kan du skrive om denne oppskrifta? Øystein har snakka med ledande forskarar og laga ei kjempepopulær faktabok som gjer stamcelleforsking forståeleg ikkje berre for tiåringar, men også for voksne.

Øystein sine skulebesøk er så lange som skulen har tid til. På turnéen på Sunnmøre no var utgangspunktet å snakke om stamcelle-boka, om korleis Teodor Kittelsen sine tegninger inspirerte universet i Futen og korleis Øystein brukar eit triks frå Simpsons når han skal designe seriefigurar.

Men når Øystein fekk meir tid, fylte han også ut med improviserte, illustrerte teater-aktige foredrag. Alle desse avstikkarane var baserte på elevane sine spørsmål, og sidan Øystein elskar å svare, oppsto mange av dei beste foredraga impulsivt:

– Kvifor vil egentlig eit virus inn i cella sitt DNA? (Viruset «vil» ingenting, det er berre slik vi snakkar om det. Men alle virusa som ikkje har evna til å kopiere seg sjølv, forsvann for milliardar av år sidan)

– Kva slags celler er auget laga av? (Eg må forklare evolusjon, og vise at det finst dyr som er så primitive at dei verken har auge, skjelett eller rumpehol. Og at vi har utvikla slike ting fordi det er ein fordel. Det superkompliserte auget vi har i dag, starta med ei einaste celle som merka forskjell på lyst og mørkt. To slike celler var betre enn ei. Og så vidare.)

– Kvar kjem namnet til Trym frå? (Sagnet om Tor og Midgardsormen)

– Finst det dyr utan rumpehol? (Ja. Sekkedyret. Når det er fullt av bæsj, døyr det.)

www.oysteinrunde.no