Toggle mobilmeny

Svein Sæter

Født: 18.09.1960
Bosted: STANGVIK, Møre og Romsdal

Bokutgivelser

Svein Sæter har skrive fem teaterstykke og verk for scena i samarbeid med komponistar:
I begynnelsen var fallet, 2000. Musikk: Jo Inge Nes
Gull av hav, 2001. Musikk: Frode Alnæs
Strålar mellom fjell, 2001. Musikk: Per Husby
Kreft for faen!, 2012. Musikk: Lars Ramsøy-Halle, Peter Wergeni, Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Audun Skorgen
Det femte brevet, 2014. Musikk: Jo Inge Nes

Litterære produksjoner

DRAUMEN OM ABEBA BIKILA: LIVET I ETIOPIA
Dette er eit heilt annleis møte med Afrika: korleis eitt av verdas fattigaste land også kan vera rikt, i form av sterke menneske, kulturelt mangfald, eineståande historie.

HEMMELEG HELT
To store bragder sette Norge på verdskartet: Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge.
– Han levde eit eventyrleg liv, men heldt seg i bakgrunnen, seier forfattaren Svein Sæter, som skreiv boka Operatøren i samarbeid med Haugland sjølv.

VÅRSØG
Om språkglede og skrivekløe frå steinalderen til i dag, med Vårsøg-forfattaren Hans Hyldbakk som eksempel. «Vårsøg» er også ei spennande vandring i norsk historie.

KONGEN AV SPITSBERGEN
Våren 1942 vart Spitsbergen frigjort frå Nazi-Tyskland, tre år før resten av Norge. Mannen bak bragda var Einar Sverdrup, gruvedirektøren som sjølv vart drepen under den utrulege aksjonen. Livet hans romma to store eventyr: gruvedrifta i Arktis og kampen mot nazismen.

JAKTA PÅ KJELDENE
Er det sant at det fanst ein norsk superspion i Nazi-Tyskland under krigen, som sendte sensasjonelle rapportar om Hitlers atombombeprosjekt? Svein Sæter greidde å spore opp spionen. I Jakta på kjeldene gir han råd om dokumentarisk skriving, om kjelder – og ikkje minst: om kjeldekritikk.