Toggle mobilmeny

Tor Arve Røssland

Født: 30.10.1971
Bosted: OS, Hordaland

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 1.-4. klasse. Grunnskole 5.-7. klasse. Grunnskole 8.-10. klasse. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Tema

Eige forfattarskap, enkelttitlar frå bibliografien, forholdet film/litteratur, barne- og ungdomslitteratur, om formidling av bøker.

Bokutgivelser

Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og ungdom i svært ulike sjangar: humor for yngre barn, grøss og spenning for ungdom, og dystopi for dei som likar framtidsfablar. Han har gitt ut bøker både på nynorsk og bokmål, og han har gitt ut tilrettelagte spenningsbøker for ungdom som slit med lesinga. Dei mest framtredande bøkene i forfattarskapet er dei nynorske grøssarane i serien om Svarte-Mathilda, og den frittståande romanen «Glimt». Han har vore nominert til Uprisen fire gonger, og han turnerer mykje i barne- og ungdomsskulen men fleire ulike opplegg rundt bøkene sine. I tillegg held han skrivekurs, som kan vare frå to timar og opp til ei heil veke.

www.forfattaren.no

Facebook-logo

WWW.SAMLAGET.NO

Litterære produksjoner

SVARTE-MATHILDA
Presentasjon av den dobbel-Uprisnominerte serien Svarte-Mathilda. Eg fortel om vandrehistorier, eller Urban legends, og korleis dei direkte inspirerte til skrivinga av bøkene. Eg snakkar om grøssande virkemiddel, kva som gjer ein tekst skummel, og korleis eg låner frå skrekkfilmar når eg skriv. Dette opplegget er skummelt!

 

GLIMT
Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelje Jon? Kva har 2. verdskrigen å gjere med alt det mystiske som skjer?

KRIM FOR UNGDOM
Presentasjon av dei lettleste ungdomsbøkene Gamer og Snatch. Her fortel eg korleis mi ekstreme interessere for dataspel førte til boka Gamer. Og korleis eg planla å kidnappe ei venninne av dotter mi i boka Snatch. Eit morosamt opplegg der det er lett å engasjere elevane i etiske diskusjonar rundt tematikken.

SOLEDAD
14 år gamle Soledad våkner en morgen og oppdager at hun er helt alene. Faren, naboen og resten av beboerne på øya er forsvunnet….