Toggle mobilmeny

Gode formidlarar

Vi har fått fire dyktige formidlarar til å anbefale ein eller fleire andre dyktige formidlarar dei meiner fortener fleire oppdrag. Thrillerforfattar Tom Egeland svarar med å løfte fram ein annan spenningsforfattar, Brageprisvinnar Ruth Lillegraven heiar på novelledebutant Kristin Lind, DKS-produsent Stig Elvis Furset tipsar om to forfattarar som har god kjemi med ungdom, medan leiar for Norsk sakprosafestival, Mette Karlsvik, slår eit slag for sakprosaforfattaren Thorvald Steen.

Foto: Morten Andersen

Tom Egeland om

Christian René Wold

«Christian René Wold var i mange år gangster i Oslo. I Klovnejakten (2017) og Spenn (2018) skildrer han dette miljøet med innlevelse og menneskekunnskap. På scenen gir Christian et uutslettelig inntrykk. Han ser skummel ut – men formidler sin erfaring med klokskap og varme.»

Kontakt Christian René Wold her! 

Foto: Anja Ivanowitz

Stig Elvis Furset om

Lise Forfang Grimnes

«Ungdomsskule er den mest krevande gruppa å formidle litteratur til. Lise Forfang Grimnes har knekt denne koden. Med genuin interesse for populær- og ungdomskultur når Grimnes fram heilt til bakerste benk. Opplegget «Skygge – der fortellinger skapes» er noko av det mest inspirerande eg har sett.»

Kontakt Lise Forfang Grimnes her! 

Foto: Karina Rønning

Stig Elvis Furset om

Synne Sun Løes

«Med romanen «Miss» viser Løes stor innsikt i sinnet til ei jente som har meldt seg ut av samfunnet. Ho har evna til å snakke ope og direkte til ungdom om krevande tema, samtidig som ho bruker humor. For elevar på vidaregåande vil Løes vere perfekt match.»

Kontakt Synne Sun Løes her!

Foto: Cappelen Damm

Ruth Lillegraven om

Kristin Lind

«Kristin Lind har til no berre skrive ei bok, novellesamlinga Utid (2014). Den er til gjengjeld svært solid, og eg er ikkje i tvil om at det vil kome fleire gode bøker frå hennar hand. Utid er skarp, reinskåren og full i lada undertekst. Novellene handlar ofte om relasjonar mellom menneske, ofte skadeskotne relasjonar. Første gong eg høyrte Kristin Lind lese var for ein gjeng byråkratkollegaer. Eg visste ho var spent og nervøs og blei dermed litt spent og nervøs sjølv. Ho ville nok lese velje «safe», tenkte eg. Men neidå, Kristin sat der, rolig og kul og las den desidert drøyaste novellla i boka. Stor suksess! Eg håpar Kristin får ta med seg Utid og nye bøker ut på mange fleire scener i tida som kjem – det fortener ho!»

Kontakt Kristin Lind her!

Foto: Per Maning

Mette Karlsvik om

Thorvald Steen

«Eg hadde brevveksla og snakka på telefonen med Thorvald Steen eit par gongar før eg møtte han, og trudde at eg skulle møte eit løpande, fotballspelande, skihoppande idrettsmenneske. For sjeldan hadde eg vore engasjert i slik frisk samtale. Eg møtte eit idrettsentusiastisk, hyperlevande og friskt menneske, som sat i rullestol. Sidan 2010 har eg fått blitt kjent med denne folkekjære formidlaren, som var på toppen av aktivitetskurva midt på nittitalet, og som er litt sjeldnare i offentlegheita no. Men sit han først på scena, er det med eit uforlikneleg nærvær, evne til å lytte og stor kunnskap, som han formidlar på den enkle og difor beste måten: god, gamal munnleg forteljing.»

Kontakt Thorvald Steen her!

Sjekk også ut desse anbefalingane: