Toggle mobilmeny

Tid for ti 2019

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Kvart år utgir Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Er du på jakt etter ein forfattar som skriv på nynorsk for dei eldste barneskuleelevane eller ungdomsskuletrinnet, finn du det på denne lista.

 

Under har vi samla kontaktinformasjon til dei ni forfattarane som er medlem hos oss. Tid for ti kan kan du lese meir om på nettsidene til aksjonen, tidforti.no.

 

Foto: André Soltvedt

Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget 2018

Forlaget om boka:  Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg. / Kven er den tolvte spelaren? / Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

Kontakt Tor Arve Røssland her!

 

Foto: Per Eide/ Samlaget

Snillionen av Arnfinn Kolerud, Cappelen Damm 2017

Forlaget om boka: Snillionen er ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik – og eit godt menneske. / Ein heilt vanleg dag vinn Frank og mor i lotto. Og då blir sjølvsagt ingen dag vanleg igjen. Alle i bygda er etter dei tjuefire millionane. Og mor gjer det verre ved å love pengar til den som er snillast. Frank og mor flyktar til Syden. Kor lenge kan dei stikke hovudet i sanden? Kven vinn konkurransen? Og kan det verkeleg ende med at Frank ikkje får ei krone?

Kontakt Arnfinn Kolerud her!

 

Foto: Marte Belsvik Hansen/ Samlaget

Klure av Atle Hansen, Samlaget 2018

Forlaget om boka: Lettlesen og spennande bok for mellomtrinnet! Jens er ei kløne. Stundom tenkjer han at han er den minste som finst. Særleg når han blir plaga av Magnus. Då blir det bråk. Til slutt blir det nesten ein kamp på liv og død. Men Jens kan noko nesten ingen veit om. Han kan syngja.

Kontakt Atle Hansen her!

 

1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2017

Forlaget om boka: Johanna og Georg har vore bestevener heile livet. No treng dei ei pause. / Når dei havnar i same klasse på ungdomsskulen, og Georg startar fyrste time med å fortelje om at kattane deira knulla i ferien, finn Johanna ut at ho må setje venskapet på pause. Altså ei pause på 1000 dagar, for det er så lenge ungdomsskulen varar. Ho kan ikkje risikere at dei andre trur ho er forelska i Georg. Han er ikkje kul nok.

Kontakt Inger Johanne Sæterbakk her!

 

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, Flamme 2018

Forlaget om boka: Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som spør. Men både ho og mora veit at sanninga er noko heilt anna. At sanninga er ei historie Oda ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur.

Kontakt Brynjulf Jung Tjønn her!

 

Paal Audestad

Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Samlaget 2016

Forlaget om boka: Gjennom 39 dikt skildrar Eg er eg er eg er korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.  / Tidlegare Brageprisvinnar Ruth Lillegraven, viser med Eg er eg er eg er at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av, og vart igjen nominert til Brageprisen for denne boka! 

Kontakt Ruth Lillegraven her!

 

Foto: Lars Martin Teigen

Den norske slavehandelen av Anders Totland, Gyldendal 2018

Forlaget om boka: I denne boka skildrer Anders Totland livet og hverdagen til de norske deltakerne i slavehandelen. / Det var nordmenn i alle ledd. De reiste til sjøs, med skipene fulle av afrikanske slaver, og de jobbet på dansknorske slavefort i Afrika og i Amerika. / Vi får høre om en mektig dommer fra Ringerike som torturerte og drepte et tosifret antall slaver. Og vi blir kjent med en sliten skipper fra Bergen som mistet både jobb og familie, før han fikk en ny sjanse på et slaveskip. Selv Tordenskiold, den store krigshelten, var aktivt med i denne handelen. / Når vi leser om disse skjebnene, får vi innblikk i livet slik det var på 1600- og 1700-tallet, rått og brutalt og hjerteskjærende. Men også i denne mørke delen av norsk historie fins det nyanser.

Kontakt Anders Totland her!

 

Jag är Supermann av Lars Mæhle, Samlaget 2017

Forlaget om boka: Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. / Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad. / Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda.
Noko som gjer det heile verdt det.

Kontakt Lars Mæhle her!

 

Galderstjerna av Asbjørn Rydland, Samlaget 2016

Forlaget om boka: Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik / Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler? / Vegandi-serien er eit medrivande univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. I denne første boka blir Eirik kasta ut i ei verd som er mykje større, farlegare og meir forvirrande enn han aner, og han blir sett på harde prøvar både i si eiga verd og parallellverda dataspelet fører han inn i.

Kontakt Asbjørn Rydland her!